Full text: Suldal 1933 Suldal

Rogaland, Suldal, g.nr. 2,1-2 Stn. v/skb. 1933 
Mosvatnet. I Mosvatnet er det segn um at det hev vore sjøorm. Ein 
gong dei såg han låg han og sola seg burtmed Svortesteinløg. Og hovudet 
var so stort som ein smidjebelg. Hovudet var på let som ei imete geit. 
Ein annan gong såg dei han ut med Forenes. Han såg ut som ein rura 
ospebrand. Den gamle kjerringi vilde burt og sjå. Men då ho såg på 
mannen, var han bleik som eit lik. Han sa det fekk vera denne gongen. 
Og til slutt var sjøormen hangande i Juskarfossen. Og beini var so 
store som hoggestabbar.