Ein skik som ungdomen brukar jolaftan
er aa bera jolebrev. Dei skriv noko
paa ein papirlapp, og ein av dem
som er snøggast paa foten gjeng burt
til grannegarden og kastar lappen inn
i stova. Dersom han kann greida
dette utan aa verta teken, vert han
halden for ein god Kar, men vert han
fakka, er han jolebukk.
Dei segjer at vatnet skal vera søtt som
vin kl. 12 jolenatt. Borni vil gjerne
smaka dette søte. Naar dei vaksne segjer
det er so, maa det vel vera sant,
tenkjer dei, og vaker fram etter; men
so kjem Lang-Ola. Det hender og
at der vaksne freistar vaka yver; for dei
gamle fortel at naar nokon vaker heile
natti og han syng paa salmetonar, so skal
han siden verta utifraa god til
aa syngja.