Full text: Juleskikkar o.l.

Joleskikkar i heimbygdi. 
Fraa Lygrespollen i Fusa 
1 
So kjem veslejolaftan. Natti fyre 
aat, Lussinatti, laut tenestgjentorne 
mange stader liggja i floren og vakta 
paa krøteri fyrr, for dei gamle sa at kom 
der noko 
vondt til buskapen 
den natti, so skulde der vera 
vantrivnad paa honom so lenge soli var i 
uppgangande i aaret. 
2 
Natti til joledag brenn det ljos i alle 
heimar ikring i bygdi. 
3. 
Vilde ein ganga paa vetjing til ein 
kjenning fyrste joledagen i gamle dagar, 
so vart ein berre hædd, og det vart 
sagt um honom at han bar "hunde 
hovudet" 
Severin Lygre