Full text: Juleskikkar o.l.

Vesle- joloaftan koka kvinnfolki storkjøtet som dei 
kalla det Det var gjerne ein halv stut eller noko 
sovore. Av dette aat du heile helgi. 
Jolaftan var det alltid fisk til kveldsmat. 
Vor det nokan sam hadde hug aa sjaa kjerasten sin, 
skulde dei um Jolaftan taka ei salmebok og ei brødleiv 
og ganga tri ganger rundt eit utehus (Fraa Nordfjord) 
Fyrste dags morgonen gjekk dei til kvarandre med 
handemat og dram. 
Seinare i vika skulde alle deim sam vor gifte det aaret 
la lov til aa ganga rundt i byggdi og tigga etter kodne. 
Var dei mange so gjekk dei i lag med kver sin sekk 
og ei flaska sjølvsogt. 
Ungkararne klædde sig udt til jolebukkar og i trettande 
helgi til trettande reio. 
Eg hev og høyrt at dei laga seg flatseng paa golvet 
og her lagg heile huslyden natt til joledag. 
Det er visst noko eldre ettersom far hev sagt. 
Kyvik Stord.