Ølbryggjing
(Eit par smaating etter ein gamling).
"Naar ein bryggjer skal ein vera tidlig
uppe, so ein fær kjelane paa kok
fyrr ein smakar mat. Ølet skal
verta best daa.
Naar ein meskar skal det helst
ikkje vera nokon aa sjaa paa.
Kvinnfolk maa ikkje kome i
bryggjeromet fyrr ein hev fenge
røsten paa løs. Ølet skal verta
mykje betre dersom der ikkje kjem
kvinnfolk inn fyrr dei fær smaka
"søkt" (søtøl). Kjem dei inn fyrr, er
det eit daarlig merkje. Ølet vert ikkje
gagn i. Naar ein fær smaka "søtt"
skal ein ikkje laata vel og ikkje
takka, fordi at daa vil ølet verta
kraftlaust
Og so naar ein hev fenge "mesken"