i rosten, og ein skal opna
kranarne, maa ein alltid ha
eit bitjarn i nær-aa-hande.
Sume hev brukt tollknivar. Dei
set dei ned med det eine bandet
paa rosten, og der skal dei staa
til ølet er kome i gilen"
(Veit ikkje kvifor dei skulde ha
noko skarpt)
Til jol skulde dei alltid
saga tapparne av i dei øltunnor
som dei ikkje tok av, fordi at
ikkje noko slags "utyskje" skulde
faa høve til aa renna ølet ned.
Jolmorgon naar dei gjekk
aat fjøset og skulde ombætta,
maatte dei ha eit staup med
øl i aat storuksen. Skulde og
sopa undan han fyrst den morgonen.