Og so maatte budeigja slaa
kross yver alle kuryggjer.
Gjorde ho alt dette, kunde ho
vera viss paa, at det vilde
gaa godt med bufeet det aaret.
Det skulde fylgja lukka med
fenadæn. Storuksen skulde staa
seg mot graaen og bjørnen, dersom
han fikk øl jalemorgon.
Fyrste morgonen dei mjølka
kyrne ute um vaaren, kallar
dei "aa daura buskapen."
Daa skulde marki vera so langt
komi at budeigja skulde finna
ein utsprotten "mjølkekross". Den
skulde ho leggja i bytta. Og han
skulde fljata i mjølki til dei
kom heim att og skulde sila.
Gamall tru at smøret skulde