Full text: Juleskikkar o.l.

Ullensvang (?) 
Isak Aakre (?) 
Gamle joleskikkar. 
Fyrr skulde alle liggja inne i stova jolenatti. Andre tider 
laag baade gutor og gjentor i fjoset. Men jolaftan bar dei 
inn halm og laga til flatseng paa golvet. Om jolaftan 
lauga dei seg allesaman. Dei hadde en stor stamp i 
fjoset som dei lauga seg i, tenesetegjenta maatte alltid 
vera sist, og daa var vatnet fælt skite. "Reinsemd er 
ein god ting" sagde kjerringi, ho vrengde skjorta si 
jolaften. Dei langa seg visst ikkje fleire gonger for 
aaret. I gamle dager laag folk nakne 
umed natti; 
men jolenatti skulde dei ligga med skjorta paa seg. 
Husfaren lagde seg alltid sist, og saag etter um 
alt var som det skulde vera. Fyrr han lagde seg, sopa 
han vel halmerusket undav bordet, og dersom det 
um morgonen var kornor under bordet, skulde det 
verta eit godt kornaar. Uppaa bordet sette han eit 
tinfat med vatn i. Og dersom det um morgonen 
var sildarogn og reist i fatet, skulde det verta 
godt fiske. Det fyrste husfaren gjorde um morgonen 
var aa sjaa etter um det var rogn i fatet eller kornor 
under bordet, og merkjelig nok fann han fine kornor 
som han sope upp i handi si. Daa sagde han: "Gudskje 
lov og takk, me tar ikkje syta, det vert korn til aars 
og," og likeins sagde han daa han saag at det var 
rogn og reist i vatnet. Dette vart dei fyr, og trudde 
so stødt paa det. Ja, dei maatte tru det, naar dei saag det. 
Jolenatto brende dei ljos heile natti. Det er leivning 
fraa den gamle tid, daa dei heldt jol, solfest, paa den 
lengste natt i aaret. Daa stridde ljøset og myrkret um 
magti. Og folk skulde hjelpa ljoset i striden, difor 
brende dei ljos. Paa jolebordet brann alltid ljos, helst tvo 
trigreina (trekongeljos) eit|for matmori og eit for husbonden. 
Mange gamle skikkar og gamal yvertru knytte 
sig til joli. Dersom ein sat attmed ein bekk jolenatti, 
skulde det i den timen Jesus vart fødd, renna tri slag