Full text: Juleskikkar o.l.

drikka, vin, vatn og mjølk i bekken. 
Naar unge gjentor vilde vita kvenn dei skulde faa, so 
gjikk dei uppaa taket jolaftsn og spann med handsnælda 
ved ljoren. Den som daa kom og nyppa i traaden 
skulde du faa 
Ein annan maate, som dei fekk sjaa den dei skulde 
faa, var aa setja skorni 
sine 
eller hovudlauget sitt utfor 
flordøri, og springe 
tri 
gonger rundt løda. Daa 
skulde du tridje gongen faa sjaa den dei skulde 
faa anten staa i skorni eller sutla med hovudlauget 
Det var ein gong ei gjenta som gjorde det, og ho 
fekk sjaa ein kar som stod i skorni hennar og 
kastta paa Mold. Daa vart ho so rædd, at ho datt 
daud ned. 
Siste arbeid kvinnorne hadde fyre jol var aa 
reida jolebordet. Det skulde bogna av god mat: flesk, 
kjøt, jolebrød og joleøl. Bordet stod reidt alle 
tålv joledagarne, so folk som kom paa gisne berre 
kunde setja seg til bords. Ingen maatte gaa fraa 
huset utan du hadde smake paa jolematen, elles 
"bar dei joli ut." Mykje gamalt heng i endaa 
til dømes "putleskatten" 
Alle gjentor fyrebudde seg paa aa gjera putleskatt 
Dei hadde vin, eple og brød, og naar det var gildt hadde 
dei brennevin, som dei gav gutarne, Gutarne for 
kring i store flokkar og kravde putleskatt, det 
gjer dei no og. 
Til jol fekk gjentorne mykje mat av matmor si. 
Det var helst kling, formakakor, potetkakor og mjølke 
kakor. Men maten skulde gjentor hava for seg sjolve, 
so dei hadde noko aa smaka paa naar dei kom i saman 
um kveldarne. Dei hadde fulle kistor med paaklint 
mat, so det vart baade mygla og hardt fyrr det 
vart fare. 
Dei tolv joledagarne var kvinnorne fri fra arbeidet