Sume gjentor kvid seg med aa slippa
skreidi innum dørarne, og andre hev
hug aa erta dei litt fyrst. Men daa
vert det leven. Dei tek alt som kann
braka dugeleg og kastar paa. Dei gjer
alt det galne dei kann hitta paa.
Tilslutt lyt gjentorne ut med
skatten likevel: ein dram vin
(fyrr brennevin), eple (eller appelsinor).
ein neve neter. Dermed gjeng skreidi
til næste tun.
Fraa Haalandsdalen
ved Ingjald Mehus