Sogn og Fjordane, Balestrand, g.nr.63,1 & 5 Stn. v/Sjur Bøyum 1958
I eit gjel frami Bjåstad-dalen skulde vera gull å finna. Far hans
Beint, som var husmann der på garden, gjekk frami dalen om haustane
og fylte ei sokka-styvla med gull-sand, reiste med den til byen og
kom att med korn. Han la alltid ei torva attpå det holet der han fanr
skatten. Han skulde ikkje opplysa om plassen før han låg og skulde
døy, vert det fortalt. Men mannen var eingong under Kvitefjellet og
slo, utom Bjåstad, og då kom det eit steinsprang og slo han i hel
Det er fleire som har vore der og leita etter denne gull-gruva, men
dei kan ikkje finna henne. Jamvel bakar Olsen på Hanahaug var der og
leitte eingong