Sogn og Fjordane, Balestrand, g.nr.33,1 S. Bøyum 1958
Eildre-skori er eit trongt klype i eit saua-rekkje. Der har vore
skote fleire bjørnar. Eingong var det skote ein bjørn der som dei ikkje
fann att før året etter. Han hadde drege seg langs skori fram mot Feten.
Han hadde kvelvt ei hella over seg, og det sâg mest ut til at han hadde
vilja gøymt seg, so dei ikkje skulde finna han att.