Full text: Modalen 1931, 1946 Modalen

Hordaland, Modalen, g.nr. 79,2 
Stn. v/skb. 193 
Det er ein fjellknaus uppe paa gjellet som me kalla for Knausen. 
Der er mange utslaattor der uppe. Tett attmed Kulten staar ei utløda 
som me kalla for Gamlaløo. I gamle dagar laag dei der uppe med natti 
naar dei høya i desse slaattarne. No var der ein haugabonde (tusse son 
me kalla) som budde i den fjellknatten Kulten. So var det ein gong dei 
var der uppe og høya og sjølvsagt so laag dei der ogso med natti 
Om natti vart det eit forfelande torever so folki som laag der trudde 
det vart verdens ende. Den natti vart tussen (eller Kultafanten) son 
dei og kalla han ihelslegen av lynet. Folki som låg i Gamlaløda haure 
kor dei andre tussarne jamra seg yver at Kultafanten var dau. So byrja 
dei og draga ut paa bryjjekjoraldi sine og skulde tetta dei. Og kjelan 
banka og skura dei paa. Alt skulde gjerast i stand til gravøls med 
bryjjing og matlaging og ant som trongst. Siden har inkje Kultafanten 
vore sedd eller haurd der uppe.