Kinsarvik, g.nr. 129,1
Stn. v/skb. 193.
Sjurs-holo er ei liti vik med eit sleipt skjer i botnen. Ein manr
som heitte Sjur kom roande med bordfarm, so kom det vind på han og
båten kvelvde og mannen kom i sjøen, han sumde upp i den viki og vilde
på land der. Men skjeret var so hålt at han greidde det ikkje, det
enda med at mannen bleiv der. Soleis skal namnet vera framkome, fortel
segni.