30
LEKJERÅDER.
Folk.
I gammeltida var det berre to slag sjukdom. Enten så var det sutt
folk hadde fengta hell så var det helsutt. Og var det berre sutt som var kome i
kroppen, så kom dei seg att.Men var det helsutta dei hadde,fanst det inga von
meir. Om einkvan som skulle døy sa dei: - Han ligg i helsuttn.
Var det nokon som hadde brote bein bruka dei masing som dei fila
opp og tok inn. For masingen fann fram til brotet og la seg i mellom,så det
grodde og vart godt att.
Mot sår og verk var det mange råder.Dei koka saman nattstain røm
svovel og tjurru. Ja det vart bruka mot utslett og. Bjørktjurru bruka dei mykje
mot sår. På verkfinger la dei gammelost og fleskhud..Mannelort vart og bruka
mot verking.Elles var det koplåster dei kalla.Dei tok den blanke,fine koa på
trea og koka ho i hop med terpentin og ister.Så klente dei det på ein klutlapp
og la på såret eller bylden.Mot brandsår skulle linolje vera bra.Gringsmøkk,
møkka frå ein gringsfør okse, var bra mot verk i hand hell fot. Dei bruka denne
møkka mot tæring og har eg høyrt,og det skal ha hjelpt seier dei.
Mot brystverk tok dei soløye og la på ein klisterlapp som dei
la på brystet. Dei banka da ut blada på soløya.Soløya trekte ut store blører, og
med det vart det godt att.Det var forat verken ikkje skulle sette seg fast.Sol
øy vart elles bruka til mangt anna.Mot augnevondske la dei soløy attom øyrekje
telen. Og mot vondske i halsen var det og soløy dei bruka.
Ringorm skulle ein ringa utatt med ein knivsodd. Det galdt om å