Full text: Folkeminne frå Gauldal 1939-06-20/1940-07-09 Gauldal

33. 
SKIKKAR OG VARSEL. 
Småbonn.Det har vore ei gammel tru at klæda åt småbonn ikkje skull 
hengast ut hell skyllast i bekken,fynn dei hadde vore til dåpen. Gjorde ein det 
kom dei til å bli forbytta med tussbonn. Ein skulle gjera korsets tegn over 
bonna og legge stål i vogga for å vera trygg. 
Drøven.Såg dei drøven åt nokon i rettelege klæde,skulle han dei 
såg døy inna 10 år var gått,men var drøven i likklæde,skulle han leva berre 
året. 
Søndagsbonn. Dei som er fødde ein søndag,ser meir hell andre gjer. 
Soplimen. Dei korsa og sputta i enden på soplimane når dei hadde 
laga dei. Det var forat trollkjerringane ikkje skulle reise med dei. 
Tettgras. Det er eit slag gras dei kallar tettgras.Det la dei i 
mjølk for å få tjukkmjølk, 
Der tussane husera kasta dei ei øks over, for da skulle dei røma.