Hordaland, Ullensvang, g.nr. 77,
Stn. v/skb. 1946
Budeia som hadde vore på stølen heile sumaren var på heimveg. Det
viste seg at ho hadde gjort seg godt av den friske fjell-lufti og den
kraftige fjellkosten. Bakken gav seg under dei tunge stegi hennar
Midt med i lii sette ho seg på ein stein til å kvila. I steinen sokk
der ned ei stor dokk under tyngdi. Og formi etter den breide bakenden
hennar viser den dag i dag.