Nordaland, Ullensvang, g.nr. 64,8 Sjur
Bøyum 1958
Dise-smog (utan artikkel). Der var eit trongt smette mellom ein
stor stein, og ein steinstolpe om lag 1 m. høg og vid som ein mann
Det var ei gjente frå Røldal, Disa, som smette gjenom klypet med ryg
gen mot steinstölpen. Smettet gjekk i ein boge. Den som greidde å
smetta seg gjenom klypet på den måten, skulde ikkje få ilt i ryggen.
Då dei arbeidde med nye-vegen, vart steinane skotne bort.
Birgit Mæland, 82 år, fortel om Disesmog soleis: Dei skulde
smetta rundt steinstolpen med ryggen mot han. Då skulde dei verta
fri for gikt. Det var vanskeleg å koma gjenom smoget på den måten at
dei risikerte å øydeleggja ryggen. Ei som heitte Disa skulde greida
dette, men namnet må vera eldre enn henne, seier ho Brita