Full text: Truer og formularar

Kvam i Hardanger 
Lussi 
Steine i Kvam er ein stor gard med mange hus i eitt tun. 
Der for Lussi gjenom tunet Lussinotti naar ho skulde 
aat Kletten (eit fjell) aa henta bryggjevatn. Raaka 
ho daa folk ute, so tok ho dei og skamfor dei 
Dei fortalde um folk som ho skulde ha teke og kasta 
upp paa tro-bolken i løda. 
Me borni var rædde og torde inkje gaa ut Lussikvelden. 
Kristofer Haga, høgt i 70-aari, 
fødd i Kvam, bor no paa Stord (9/4 1913.)