Full text: Truer og formularar

Lerøy, Sund 
"Aa Skjera for skjørrvo" 
Naar einkvann hadde skjørrvo, som visst var ugredingi med 
matmeltingi, so skar dei med ein gamall rusta kniv 
ein Kross 
paa magen midt fyre midgaren og ein i 
ryggen og ein i kvar sida. Dei skar so vidt igjennem 
hudi. 
Karsten Lerøen, som no er lærar og 52 aar gamall, vort 
skoren for skjørrvo daa han var liten. Men dei fila og skar 
med denne skjemde kniven, so det gjorde styggelig vondt, og 
daa dei hadde skore kross paa magen og i eine side, daa 
rann han. 
(Fortalt av sonen Erik Lerøy 1913)