Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

at ein skulde leggja børsa over ryggen, og so prova aa trilla henne 
rundt tre gonger utan aa ta i henne. Daa kom drepet att. (Sværefj. 
Ein skulde usedd miga nedi pipa, daa var trolldomen vekke.(V) 
Ein annan maate er fortalt fraa Vetlefj. :Fyrst skulde ein dre 
børsa gjenem ei aakerreina.So skulde ein lata eld, vatn og vind 
gaa gjenom pipa. Fyrst skaut ein laust krut gjenom henne, so la eir 
pipa i rennande vatn, og til slutt la dei mulen burti smieavlen 
og bles hardt. Men daa kunde ein vera pinnande stød paa at drepet 
kom att. 
Fiskaren og skyttaren vert aldri rike, segjer dei for eit 
gamalt ord.  raa syaa den vandrande Skomakar. (Svære. 
Naar det var godt ver siste torsdag i ein maanad og fyrste maandager 
i maanaden etter, so vart det godt ver heile maanaden. Det var tvo 
dagar i vika ein skulde løypa timber paa, tysdag og fredag. Andre 
dagar karvar stokkane seg sunde paa rakande flate marki. Dei maatte 
ikkje buføra paa ein fredag, daa vart det skade paa besti.(Fjérl.) 
Er det ny maane paa ein laurdag, vert det ruskever. Dersom det vert 
tre "laurdagsmaanar" (d.v.s. nymaa"paa laurdag) i eit aar, so skal 
det røyna ein bonde.(Fjærl.) Dei hadde ein lime um dagane: Tordag 
er han baade svart og kvit, fredag er 'kje vika lik, laurdag er 
heile vika til split (Vetlefj.) I Fjærland sa dei det same um de 
tvo fyrste dagane, men um laurdagen brukte dei aa segja: Deter'kje 
ein laurdag utan det skin sol. 
Ingenting maatte tømast heilt. Det vilde oyda velferd 
og lukka. I stabburet maatte eintre og andre bidne aldri vera 
radt tome. Naar dei sette ut rokken til jol,so maatte det vera noko