Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

Ymist fraa kvardagslivet. 
Dei hadde mangslags truer og merke med dei ymse dagar i vika. 
Arbeidde ein paa sundag, skulde ein faa same arbei i det andre li 
vet. Sundagsborn er lukkeborn. Fredags-fødde og sundagskristna 
skulde ha god framgang og lukka. Ein maatte ikkje klippa haa 
eller negler paa ein sundag. Dei hadde eit ordtak i Fjærland: 
Maandagsvak gjer vika lat,d.v.s. var ein tidleg uppe maandagen 
so vart ein doven heile vika. Dei skulde ha visse dagar til aa vas 
ka klæde. Dersom dei brukte andre dagar so vart dei som bar klædi 
sjuke. I Sværefj. var torsdag fast vaskedag. Men det kunde til 
naudi gaa tysdagen og. Ein skulde sitja i kvernhuset 3 torsdags- 
kveldar i rad. Daa skulde ein faa sjaa den vandrande skomakar. (Svære 
Naar det var godt ver siste torsdag i ein maanad og fyrste maandagen 
i maanaden etter, so vart det godt ver heile maanaden. Det var tvo 
dagar i vika ein skulde løypa timber paa, tysdag og fredag. Andre 
dagar karvar stokkane seg sunde paa rakande flate marki. Dei maatte 
ikkje buføra paa ein fredag, daa vart det skade paa beiti.(Fjérl. 
Er det ny maane paa ein laurdag, vert det ruskever. Dersom det vert 
tre "laurdagsmaanar" (d.v.s. nymaa"paa laurdag) i eit aar, so skal 
det røyna ein bonde. (Fjærl.) Dei hadde ein lime um dagane: Tordag 
er han baade svart og kvit, fredag er 'kje vika lik, laurdag ei 
heile vika til split (Vetlefj.) I Fjærland sa dei det same um dei 
tvo fyrste dagane, men um laurdagen brukte dei aa segja: Deter'kje 
ein laurdag utan det skin sol. 
Ingenting maatte tømast heilt. Det vilde oyda velfere 
og lukka. I stabburet maatte eintre og andre bidne aldri ver 
radt tome. Naar dei sette ut rokken til jol,so maatte det vera nok