Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

garn paa snelda. Det skulde alltid liggja att ein høydott i løa. 
Ein fortel at det skulde vera til lager for gardvorden. Ein pung 
maatte aldri vera radt tom. Det maatte vera um ikkje meir enn eir 
ore att. 
Dei hadde stor vyrdnad for kyrkja og det som var g heilagt 
Naar kyrkjeaalmugen stod utanfor kyrkja ein preikesundag ,og klokko 
ne tok til aa ringja ,letta dei paa hatten.Naar dei gjekk til altars 
brukte dei paa Vangsnes aa nigja 3 gonger med same dei kom fram til 
altar-ringen. Det var gale aa lata gudelege bøker liggja aa reka og 
samla duyst og støv. Det skulde ropa til dei ugudelege paa domedag 
fordi dei ikkje hadde brukt bøkene . Det skulde liggja ei salmebok 
i vogga hjaa born før dei var døypte, eller dei skulde stikka eit 
blad av ei gudleg bok, der Jesu namn stod skrive under linden 
paa bringa aat eit barn naar det sov. Det skulde verna mot dei un 
derjordiske. Dei rekna det for svær synd aa sverja falskt. Dei fing 
rane som dei svor med, skulde verta svarte naar dei døydde. 
Dei hadde so mange vene maatar aa helsa paa i gamle dagar 
Naar dei kom inn i stova,sa dei : "Guds fred i huset," eller 
Sit i Guds fred" Sat husens folk og aat, brukte dei aa segja:Signe 
maten." Naar dei gjekk utor stova,sa dei: "Bli i Guds fred. 
Dersom ein kom burt til nokre som stod paa vegen eller i tunet so 
sa han. "Statt i Guds fred". "Velkomen til", vart det svara. Kom eir 
framum ein eller fleire som sat og kvilte seg, sa ein" Signe kvila 
Naæ ein takka for mat paa framand stad, so svara dei: Sign'ant 
Signe han). Naar tvo møttest, og det bar i prat um ein som nyss 
var død og graven, sa den andre: „Gud kvile hans sjel som no ligg 
i gravi.