Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

vore sopassa kar at han kunde lesa fadervaar baklengs, so skulde 
nok ikkje laaset ha halde. 
drke og varsel um vondt eller godt. 
Tek ein klæde rangt paa seg um morgonen, so vert ein rang den dagen. 
Dei som har tvo eller tre kvervlar i kruna, vert so kloke. 
Klaae i vinstre auga varsla gleda, i høgre auga sorg. Den som et 
brent brød, vert flink aa syngja. Den som skrapar gryta vert 
gaaande ugift. Dersom ein sit tilbords ved eit hyrna, vert eir 
ikkje gift 
Naar borni gjekk attlenges, skjente folk paa dei. Dei 
maatte ikkje gjera det, for daa vitde dei mor si til helvede,sa 
dei. 
Naar nokon snakkar ilt um deg, so fær du blæra paa tun 
ga. Fekk du henne paa hogre sida, so var det ein kar, var ho pae 
vinstre sida, so var det eit kvinnfolk. 
Naar du hikstar ,so er det einkvan som slarvar um deg 
kan du daa gissa kven det er, so stoggar hikstingi. 
Naar ein sproar seg med ein et, so er det einkvan son 
misunner han maten. Dersom du bit deg i tunga med du et, so kjem 
det einkvan som er svolten. 
Dersom tvo personar utan aa vita um kvarandre- ein ute 
og ein inne i romet, samstundes tek i kvar sitt handtak i døri 
skal dei skunda seg og hekta kvar sin vetlefinger um kvarandr 
for nokon fær sagt eit ord.Kan dei faa det til, kan dei ynskje 
seg tre ting. 
So mange gonger som ein kunde knyta det bandet som lig 
inni ei not so mange gonger skulde ein verta gift.