Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

. 
Fann dei ein skilling (= pengestykke ) paa ein sers plass,t.d. 
i kyrkja so skulde dei goyma han. Det fylgde lukka med han, trudd 
dei. Ein skulde aldri gjeva noko gjenom ei dør, for daa gav ein 
lukka fraa seg. Naar dei fekk laana ei naal, so skulde dei aldri 
takka for ho, for daa kunde ho brotna snart, eller koma vekk. 
Takka no berre ikkje for ho," sa den som gav ho fraa seg. 
Den som kunde laga fine soplar, fekk seg ei knøti kjerring 
brukte dei aa segja. 
Staar royken beint upp i veret fraa ein skorstein, so er 
matmori blid. 
Naar dei skulde byggja eit hus, so var det um aa gjera ae 
finna ein plass der det var trygt for dei underjordiske. Dei brukte 
aa setja eitkvart der. t.d. ei bytte med vatn. Stod ho paa same 
staden dagen etterp, kunde dei trygt byggja 
Ein skulde aldri bjoda folk drikka gjenom ei dør. Ein skulde 
drikka paa den sida av døri der den stod som flidde skaali 
Aldri skulde dei drikka or ei gryta, for daa vilde det verte 
so vanskeleg naar ein døydde, dødsridi vilde verta lang og tung. 
Daa laut dei kvelva ei gryta over hovudet paa den døyande, dae 
slapp han. 
Naar du kleier i vinstre handi inni lóven ,fær du pengar 
Kleiar det uppe med tumalsroti, plar ein mest ljota leggja ut 
Kleiar du i høggehandi, kjem det ein framand og takkar for sist 
Dei brukte mykje for i tidi aa "knyta straa" Dei tok lange 
skire straa og batt deim ihop i midten. So knytte dei ihop endane 
Vart 5 straa ihopbundne,skulde ein faa gard, vart 4 straa knytt 
ihop skulde ein paa plass. Var det tvo straa, skulde ein faa vogga 
Det likte dei ikkje ,kan du vita. Ein annan fortel det soleis