Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

Dei tok seks straa inni handi og knytte tvo og tvo endar saman. 
Det var godt mark naar alle var ihopknytte. Dersom 4 hekk ihor 
og dei tvo andre var utifraa, so var det radt gale 
Ein tredje fortel: Dersom alle straai vart ihopknytte, so 
det vart ei ruta skulde ein faa den ein tenkte paa. Men vart tvo 
straa for seg sjølve, so vart det ikkje noko av. 
Wvste beinet i laaret kallar dei minnebeinet. Dei skulde 
leggja minnebeinet innaat munnen og so skulde einkvan stikka ei 
kjøtstykke gjenom holet inni munnen. Naar ein aat det skulde eir 
verta so minnig. Det hende og efte at dei slo til beinet, so det 
gjorde so ilt at ein mintest det 
Ein skal lata maurane og tuva deira vera ifred, for maura 
kann hemna seg paa slike som fer stygt med deim. (Fjærl. 
Dersom ein ser naaljos umbord paa eit farty, er det ikkje 
faarleg dersom ljoset held seg roleg paa floystaken, men rapa 
ljoset nedetter staget ( lina fraz mastetoppen til stomnen) spaar 
det ulukka for dei umbord. 
Naar det var frunsa hest, frunsa ukse og frunsa hane pas 
ein gard so skulde det ikkje koma noko vondt yver den garden. Naai 
noko vondt var ventande,so kneggja hesten,uksen belja og haner 
gol, 
Naar ei kyr t.d. tida seg (- tok foster) fyrste gongen 
ein hadde ho til ukse og uksen ikkje hadde vore brukt for, so vart 
burden frunsa. Dette galdt baade heide og kriste. (Sværefj. 
Ein frunsa hane /god. Han gjel tid kl.12 um natti. Det 
finst knapt 1 hane av hundrad som kan kloyva natti. (Leikanger.