Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

knesta å den planken. 
Naar hatlen palmar (-skyt kumar) tidleg, vert det seint aar 
Naar eiki sprett før asken, gaar heile sumaren i vasken. (Balestr. 
Elles var det mangt dei tok merke paa ute i naturi. Dersom 
det moreldar sterkt i sjoen, er det sunnanver i vente. 
Fraa den kant ein ser stjernone rapa, skal veret koma etterpaa. 
Stjernerap fraa sud spaar soleis sunnanver. 
La-verspipa kallar dei ein pipande ljod som stundom heyrest nær 
eldstaden i eit stovehus. Denne ljoden spaar laver. 
Dersom nysneen vert burtteken med regn, vert det meir ovanburd. 
Men tek soli burt nysneen ,vert det upplett ver. 
Naar sanden flyt paa sjoen vert det godver. 
Svortar grauten i gryta, er det teikn paa komande mildver. 
Varer austanvinden, degeret ut, so skal han staa i 3 døger, og staa 
han i 3 deger, skal han vara i 3 vikor. 
Dersom elvi sjogar og brusar sterkt, kjem det elva-vokster. "Elvi 
ventar vatn," sa dei daa. 
Kveldsrode gjev morgonsol, Morgonrede spaar vind eller væta. 
Naar det er stort skar i ljoset, vert det regn. 
Naar det draup av kyrkjebusti dei 3 hogtidsmorgenane, so vart de 
turr upprunad, alt ver skal hemnast, sa dei gamle. 
Naar dei saag havfruone sat paa bylgjone og pynta haaret sitt, 
skulde det verta storm.(V) 
Naar det var godt ver, og dei vilde ha godt ver lenger, sorg un 
gane denne regla: Lova, lova, lina, gjev soli maatte skina,yver topp 
yver tre, yver folk, yver fe,yver heile verdi. 
Dersom fyrste snedke kjem til fjera pa opi mark (ikkje frosi