Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

mark) so vert det ein sutlen (= vaat) vinter. Det vert aldri 
liggjande fore .(Leikanger. 
Dersom ein kasta fraa seg riva paa arbeidsmarki naar ein 
heldt kveld,so sa dei at han venta regn. 
Naar det gneistar fras ljaaen i slättch nair ein kjem 
burt i stein, so er det paa tid aa halda kveld. 
Dersom frostrøyken gjekk jamhegt med Bess-hovden, skulde 
det koma mildver med det fyrste. I Ytre-Fjarland hadde dei same 
merke naar dei saag frostrayk utum lyngset. 
Ligg det skodda i Skredixnipa i Fjærland, so vart det 
regn for kvelden sluttar. "Det er ikkje verdt aa breida (hoy) for 
trygt idag, det er skodda i Skred-nipa" brukte dei aa segja. 
Naar det ligg skodda paa Gyx-stolen (utum Stela-holmen) 
so vert det ruskever. 
Naar det dreg seg ei fin skodde burtunder Rysse-nipa 
vert det godver. Naar det legg seg ein skodde-dott paa kvar sida 
dalen framum Skarestad-haugane, so vert det ruskever.