Naar ei kyr var sjuk i blaasa, karva dei sund ei grisa-blaasa,
hadde det i ein grauta-bete, og gav kyri. Det kunde henda det
hjelpte for turka og. Han Tor Berge brukte aa vinda ei raa vidja
rundt halsen paa kalvane, naar dei var sjuke. Ein skulde ta mole
undav ein jordfast stein og knoda ihop med mjol og gjeva beisti naar
ein slepte dei ut um vaaren. Det hjelpte mot haga-sykja. (Fjærl.
Naar kyrne var sprukne paa spenane, so kokte dei ein plante
dei kallar mjølke-kross, i rjome ,og smurde paa spenane.
Det var mange som trudde at sume dagar var gode og sume da
gar daarlege til aa bufora paa. Dei kalla slike folk dagveljarær.
Ein skulde aldri bufora paa ein fredag, for daa vilde beis ti skam
fara seg. (Fjærl.) Fyrste dagen dei kom paa stolen, bar budeia ei
gryta med glør kring selbeen. Ho strødde glorne ut til aa verna
buskapen mot huldrer (Balestr.) Naar dei mjolka kyrne fyrste gong
ute um vaaren, hadde dei soleior i bytta. Zaar dei mjelka dei
fyrste gongen inne i fjosen um hausten hadde dei tolekniv i bytta.(B,
KaxXXegOXaXdXXXkXEXSAI
Ingen framand maatte rosa beisti. Ho Gjertrud Smiebakken
tolde aldri at dei kytte yver beisti hennar. Eingong hadde ho eit
retteleg fint lamb. Nokre gjentor aptest med henne for all bineska
pen ho for med, og gav seg til aa nidkyta yver lambet hennar. Mer
ho likte ikkje tantuglet deira (-falsk kyt) Ho sa ikkje noko som
dei heyrde. Men dersom ein kunde koma seg til aa segja: "Kyss det i
rovi," so nauva det ikkje um dei kytte aldri so mykje.
Naar ein kom inn i ein framand fjos, skulde ein aldri
rosa beiti. Eit kvinnfolk ute i Lidal stod eingong i døri til
grannefjøsen og skrytte svart utav beisti. Matmori kom nett til.
Ho vart gandande ill og sa:" Kyss dei einkvarstaden, so fær du tidsn