Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

ta 3 brennande kolstykke og algg leggja dei paa omnsplata. Ein 
lyt sjaa vel paa kolstykki naar dei døyr ut. Vert alle tre koli 
pikkande svarte og det ikkje finst fjukr paa dei so er kyri daud. 
Men er det fjukr paa dei, so er ho levande. Er fjukret drivande kvitt 
so er ho kvit, er det graavore, so er kyri graa. 
Dersom kyrne belja, naar einkvan kom uvarande og daatt paa de 
so sa dei at han hadde bjørnen til vord. (eller vardyvle. 
Alle gjætargutar skulde greida aa skræma bjørnen utan so var 
det ikkje gagn i dei. 
Dei hadde mangslags vermerke og med kyrne. Naar kyrne tek 
til aa rauta, vert det havto, sa dei paa Vangsnes 
Dersom kyrne tek til aa sleikja baashellone naar det er 
pinnande kaldt, vert detmart læ-ver. (Fjærl. 
Hoser (=smaahostar) beisti um vinteren ,vert det snart kjøld 
Kjem kyri heim frau beite med grasstraa i munnen ,ventar ho regn 
Dei hadde ofte stor paasetnad paa gardane for. Dei hadde oft 
fleire fenadbeist enn no, endaa det var mykje minder um hoyet. Det 
var um aa gjera aa ha mange mjolkebeist paa beiti um sumaren,og se 
laut dei slamsa vinteren igjenom so godt dei kunde. Alt tidleg paa 
aaret tok dei til aa risa. Ofte brukte dei 2 maal ris for dogret. 
Almeris var basen, men ris av selja og raun og andre treslag laut 
og greida seg. Ospeskav brukte dei og mykje. Det laag svære skjevling 
dungar ute paa tunet um vaarane. Stundom var dei uppe i skredone og 
grov upp roter av telgblomen og gav beisti. Platti var mangeleis 
Det var no serleg husmennene som gjorde det. Drengene skulde ha 
fri-arbeid til aa risa 4 kippor dagen fyre jol, 5 kippor fyre kyndes 
mysse og 6 fyre voffermysse. Det skulde vera ei god byrd i kvar kippe