Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

det vekk ei kyr. Ho var vekke 2-3 døger og dei leitte baade høgt 
og laagt og fann henne ikkje. Paa resten fann dei henne staa-ande 
midt paa stølsvegen. Men då fekk henne ikkje av flekken. Ho Gi 
laug sprang heim etter ein snidel (med staal i) og daa fekk dei 
henne med seg 
Ho Dorte stidde paa Torsnes-stølen. Ein morgon saag ho e. 
liti gjenta med ei skinande blank massing-bytta paa armen. Ho 
jagde kyri si fyre seg."Ser de ikkje detta," sa ho Dorte til dei 
andre budeione, men dei saag aldri det slag. 
Ei budeia paa Eiki kom eingong springande ned fraa stoler 
og fortalde at ho hadde set ein huldreboling . Kyrne var graae og 
blaae. Daa folki kom upp paa stølen,var dei vekke. 
Naar dei slo ut heitt vatn, so skulde dei varskua dei 
underbuande": "Akta dikka de so bur unde, da kjeme haitt nedyve 
dikka. 
Naar dei kokte ute so var dei so skjelvande redde aa sila 
noko heitt nedi jordi: "Flytt dykk de som under bur "brukte dei aa 
segja. Eingong dei slo heitt vatn utfor stovetroppi nede paa Støler 
sa gamle kaarmannen: De kunde no gjedna ha varskutt for de tømde 
ut vatnet. 
Eingong var det ein som skulde stad og skjota bjørn. Daa ka 
raaka bamsen, gaulte det uppe i lidi:" No kjem da ein kar og ve 
skjota grisen vaor, no lyte me kadla han innatte." Daa svara eir 
annan huldrekall at det hadde ingi naud med det, for skyttaren 
hadde ikkje vaska seg i augo endaa.Daa svara den fyrste : Da gjer 
han snart, for han bere vass-tankaren pao seg." Skyttaren hoyrde 
alt dette, og paa stikkande timen vaska han seg i den kjelde han 
bar paa seg, og skaut bjørnen.(Fjærl.)