Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

derilet 
I Ytre Ese hadde dei ein svart hest, ein svart hund og ein svart 
hane. Det var tru paa garden at naar hesten kneggja, hunden goydde 
og hanen gol paa ein gong var det noko som stod paa. 
Paa garden var ei fin ung gjenta som dei visste hulderne hadde 
huglagt. Gjenta var trulova med eldste sonen paa garden 
Ein sumar slidde ho i Esedalen. Daa hende det ein dag at hesten 
kneggja, hunden gøydde og hanen gol paa ein gong. 
Eldste sonen paa garden vart ottefull. Han tok den svarte hester 
og reid til Esedalen det hardaste han kunde. 
Huldeene hadde teke gjenta og butt henne til brud. Brudebunaden 
var framifraa fager.- Men ho sat med ei naal i munnen so huldrekarer 
ikkje kunde kyssa henne. So lenge han ikkje hadde gjort det, hadde 
han ikkje all makti yver henne. 
Daa guten kom til selbøen høyrde han seg av huldrer i selet. 
Han hadde rifla med, og han skaut yver seltaket. Daa krydde det sy 
huldrer kring selet. Og burte vart dei. Men gjenta sat att i sin 
fagre bunad. Guten vart glad .Han tok gjenta i fanget, bar henne ut 
or selet og sette henne paa hesteryggen.Han sette seg og paa hesten. 
Og dei reid heim til Ese. 
Det framifraa fine sylvet med den prydelege bunad som huldrene 
hadde sett paa gjenta, fekk han soleis med seg heim til garden. 
Dette brudesylvet vart seinare vidspurt og mykje nytta.Det gjek 
under namnet Esegiklet. Men gjenta som bar bunaden heim vart aldri 
lik seg meir fraa den dag. 
Etter Synneva Gjerde , okt. 1916. -) 
uing 
Eingong var det ei kona som hadde faatt ein byting, ho hengde