Full text: Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld sumrane 1930-31 av Sjur Bøyum III 1930/1931 Balestrand

eld av nie sortar ved. 
Det var radt spøkje kor redde sume var det vonde auga 
Dei for og tyslast og gøymde eller skylte arbeidet sitt når 
folk kom inn. Ho Gjerdrud Smiebakken var radt eit tyssel soleis 
Ingen fekk koma inn i fjøsen hennar når ho stidde. Dreiv ho på 
og yste, so dekte ho over når nokon kom. Stod ho og kinna ,so bai 
ho kinna inn i koven.(Sværefj. 
Ho Brita fortalde ymse stev um matmori si, ei kona i 
Nausteskreda .Ein gong kom dei frå Menes inni Mauteskreda med ei 
kyr og vilde låna ukse. Dei fekk ukse. Med det same budeia 
løyste uksen, kviskra Nauteskred-kona:" spenn han i røvi med 
vinstre foten, so gjer han ikkje kalv." Ho unnte dei ikkje at dei 
skulde få kalv i kyri si 
Mange hadde tru med at andre fekk ikkje måtte få sj- 
fiskegreidone eller fisken. Dei kunde ha det vonde auga og 
soleis øydeleggja fiskelukka. Det finst mange segjande-segner 
um det. Han Jo Bjåstad hadde vore på fisking og fått tvo fiskar 
som han gøymde i ein sekk. Han Sjur spurde: Korleis har det 
gått med fiskingi idag? " "Da æ'kje rart ," svara han Jo, og 
med det same trilla han, so fisken datt ut. Men då gjekk har 
beint frå fisken. Han trudde han skulde berga fiskelukka på den 
måten. "Tvi vore deg, sowkom so på tvert fyr meg, sa han. 
Ein gamal mann budde nett burtum Skeids-brui. Han var 
alltid so redd at einkvan skulde sjå fisken, då kunde han misse 
fiskelukka, trudde han. Han Knut Skeide kom eingong og vilde sjå 
fisken hans, og glytte nedi kjessa. 
eg, og tosk har du fått og,ser eg" sa han Knut. "Ja, og gap og 
svara gamlingen, og var Handande ill. 
Med det same ei kyr hadde bore, skulde ein krossa henne 
på krossryggen med tjøra, og so skulde ein krossa på bytte 
båtnen med fingeren, nett før ein tok til å mjølka. (Fjærl. 
Fyrste gongen dei mjølka ei kyr etter ho hadde bore, la 
dei ein kniv nedi bytta ,og so sette dei ein tjørekross bak på 
juret og på krossbeinet ( Balestr. 
Når han Tor Berge skulde hogga eit emnetre, anten det 
no skulde vera til treskor eller bidne, so brukte han å hogge 
ein kross i det før han tok burti det med hendene. Då kom ikkje 
tingen til å sprikka sund. Når menneski tok burti det med sine 
syndige hender før dei hadde krossa so vart det tynt. (Fjærl. 
Når dei hadde slakta eit fenadbeist ute på marki so skulde 
dei hogga kross i marki, utan so vilde kyrne belja so fælt når 
dei for framum. (Fjærland 
år tvo halmstrå kjem til å liggja i kross av seg sjølv 
på stovegolvet so vert det snart lik i huset. (Fjærl.) 
Dei brukte å leggja tvo halmstrå i kross framfyre sengi 
um kvelden når dei la seg. Då skulde dei sova tryggare. (Vetlefj. 
Når dei hadde laga ferdig ein sopel, måtte dei setja tre 
krossar på han so trollkjerringane ikkje skulde rida på han 
Vateholi på ostasken var krossforma. Då vartokrossmerke på osten 
Når dei slakta skar dei alltid ein kross i levri. 
Sputtet 
Dei hadde slik tru på at sputtet kunde verna mot trollska 
og anna vondt. Ein mann på Bøyadn brukte alltid å sputta ove 
yggen på hesten når han hadde teke selen av han og skulde sleppe 
han på beite, eller inn i stallen. Då vilde det ikkje koma noke