Hordaland, Eidfjord, gr. 26,
St. vsk. 1946
Badnavaren er ein varde på vegen upp til stolen. Her vart eit lite
barn Martha Jakobsdotter Teit drei av or på veg til stølen i året
1817. Sja Hardanger historielags tidsskr. for 1940, s. 110. Det skulde
ha gått for seg på den måten, at mori sette barnet frå seg på den plas
sen der varden no star, og skulde hjelpa med kyrne eit lite stykke der
fra, der vegen var rang, og da ho komatt, var barnet borte. Barnet
var ikkje årsgamalt og kunde ikkje gå. Den tid trudde dei og på hulder
at barnet var haugteke. Dei bar upp kyrkjeklokka fra Eidfjord kyrkja
og vilde ringja barnet fram att. Vetren etter fann notre skogsfolk langt
uppe i lidi notre le fillor med ei liti sola i som hadde tilhørt
barnet. Her hadde ørni venteleg halde maltid