37.
Omse vermerke.
Når dei såg fysste soldropen draup tå taket skull det bli saubeite
på 12 vuku
Lett (linnver) fysst på nyåret spåddegodt år.
Skræme dei frosken så han pisser rett attende så blir det regn.
Er ljøset vondt (sprett gale) skal det bli ruskver.
Brenn grytsotet oppover skal det bli klårver. Brenn det nedover blin
det ovabår.
Dei hadde eit merke på kyrne om vintran. Reiv og sleikte dei bolkane
skulle det bli lett (linnver).
Bar kyrne gras i kjeften om sommaren skulledet bli regn.
Rypa har god greie på veret. Ho søkkjer seg nedi skogen og kliv oppi
kjerra når ho ventar styggver.
Det er kje mange som har så god greie på veret som dyra. Katt og hun
vallar og et gras mot styggveret
Når kongroa kjella så det vart flate måna bortover graset om morgo
nane vart det godver,men tar ho åt og hiver det oppgjennom stråa så blir det
regn.
Det blir godt år når kyrne byrjavlegg seg bort tidleg på sommaren
har eg høyrt. Og det må no bli godt år i år da,etter di det er så mykje buskap
som legg seg bort alt
Er det mykje mus alle stader om sommaren skal det bli godt år.Ja,
det er likeeins om det er mykje vilt i skogen og