Full text: 1. Folkeminne samla i Balestrand Prestegjeld i åri 1929-30 av Sjur H. Bøyum 1929/1930 Balestrand

Ælvelde (Alv.eld) 
Dlvelde er ein hudsjukdom med ørrande småe kveisor, umlag 
som ein skulde vera skambrend; det svid fælt, men er ikkje smittelig 
Kjem det rundt heile kroppen, so ryk ein, fortel dei. 
Det brukte eldfjom (oska) av alvelde-nerv, d.v.s. den fine nevo 
på innsida av bjørkenevr. i dei kalla den og såvall-nervi 
Dei brukte ælvelde-blad, noko grønt som veks mest på 
skuggesida på gamle husvegger og trestuvar. Ein skulde helst 
finna det på hantre, aller best var rann. Dei turka det 
og gnika det smått og blanda det med ymse ting t.d. 
1) Ælvelde-blad, skadekol og ørrande litegrand saltlaust smør. 
2) Aveldeblad, krut og tjøra blande ihop 
) alveldeblad og noko saltlaust smør.