Full text: Jondal 1931 Jondal

Stn. v/skb. 1931 
Hordaland, Jondal, g.nr.41,8 
Brurastadbrekkå. Det var eit brydlaup på Ase. Dei hadde ein sjø-vei 
um Grind igjenom Augastadhagen. Då dei var komne til Brurastadbrekkå 
kom huldri og tok bruri. Då vart dei so redde at dei aldri meir gjekk 
forbi Augastad til Sanden til naustet sitt meir, men selde naustet sitt 
til mannen på Flatabø i Korsdalen, og det står i Jondal den dag i dag 
So tok dei sin sjøvei til Ljones-vågen og bygde seg naust der. Når dei 
seinare vilde til kjørkje, gjekk dei til Eidesvågen. Sidan har der 
brekkå vore kalla Brurastadbrekkå.