Full text: Folkeminne samla i BALESTRAND prestegjeld i aari 1929-1930 1929/1930 Balestrand

2 
skjelvande redde, kan ein vita. So henta dei ein prest til aa binda han 
Men styggen sa:" Du er ikkje slutta med aa gaa her du heller." Dermed 
var han ferdig. Daa henta dei ein annan prest og fanden sa daa: "Kjem 
du trekort-spelar og? " So greidde ikkje han aa gjera noko med han. 
Men daa henta dei gamle presten Valnum. Daa sa den vonde: "Du har stole 
pengar eingong." "Eg har ikkje stole, svara V. "Det var eingong eg tok 
2 skilling hjaa han far.Eg kjopte mat for dei, for eg var so svolten. 
Det reknar eg ikkje for nokon stuld." So gjorde presten eit rundt ris: 
paa golvet. Anten det var med stokk eller med ei bok ,veit eg ikkje. 
Der skal du igjenom" sa han. So letta det seg upp ei rund luka i golvet 
nett so stor som risset presten hadde gjort. Der laut fanden igjenom og 
daa han for, vart det eit sprakande og eit gneistande so det var stygge 
ting. Men daa vart det slutt med dansen og, skal eg segja deg 
Gamle- Sverdrup. 
Gamle - Sverdrup skulde ha gaatt paa Svarteskulen ,ettersom folk sa. 
Han hadde ikkje skugge, fortalde dei. Eingong var det ein som spurde 
han korleis det hekk ihop med dette. Daa fortalde han at det var eingon 
han var ute og gjekk i maaneskinet, daa kom det ein stygg fol fyr som 
kytte paa at han vilde ta han. Dei kjekla og andgjeglast ei tid. 
plte pa augen in de es la den 
Men so snudde Sverdrup seg og ikte paa skuggen sin og sa: 
ta den. Vondemannen retöte med skuggen hans.