Full text: Folkeminne samla i BALESTRAND prestegjeld i aari 1929-1930 1929/1930 Balestrand

Han gamle Gjest Bale saag ein draug i Balastei, straks etter eir 
feiosing hadde drukna ute i fjorden i fylla. Han Gjest heldt paa aa dra 
upp baaten sin, og daa strauk draugen framum baaten paa hi sida, og gjekk 
burt imot skreddar Nokken sitt hus. Der hadde han vore fyrr um dagen o 
tinga brudgomsklade. 
Paa Bjaastad var det eingong ein gut som fridde til ei gjenta pas 
Homrane. Eingong han skulde burt til hense, drukna han utfor Homra-landet. 
Like etter kom han inn i fjesen silande vaat.Han skamslo ei kyr, so hoxik 
vart ikkje til noko meir. 
Han Ola Eitorngjerde var ute og fiska, so stupte han or baiten of 
drukna. Han gjekk att i heimen silande vaat. 
Det var eingong tvo, ein gut og ei gjenta, som hadde vore paa Hatle 
stadstrondi etter ein lauvfarm. Daa dei var komne burt til Bjaastadlandet 
kom det ei austaskeyra og velte farmen, og dei drukna. Ofte naar det var 
austaver høyrde dei det gaulte nett paa den staden der dei drukna. 
Paa ein stor stein nede med sjeen, som enno heiter Kross-steinen, er det 
hogge inn ein kross til minne um denne hendingi 
Eingong det var brudlaup paa Skeide, skulde nokre av brudlaupsfolki 
millom dei bruri, hit paa Bøya-stolen og leika og dansa. Dei vilde hoppe 
yver elvi framme med Bykse. Bruri datt i elvi og drukna med all brurestaser 
paa seg. Kvar gong det er same veret som det var daa, kan ein hoyra 
henne gaula. Ho Massi-Anna, som tente paa Skeide, hadde høyrt henne skrik. 
mange gonger. 
Det var ein gjatlegut paa Wygarden som skulde upp paa Fugla-leik 
etter geitene ein dag. Men det vart slikt ruskever og sneslafs og guter 
snudde heimatt fyrr han fann geitene. Men husbonden jaga han av att uppai 
fjellet. Han kom aldri att, men hunden kom heimatt