Full text: Folkeminne samla i BALESTRAND prestegjeld i aari 1929-1930 1929/1930 Balestrand

Han Jo Haugen og bestefar hans Ivar Stelen skulde eingong fran 
Suphella paa sjau. Daa dei kom til ei grind under stova hans Ivar Haigen 
sutta stogga han Jo og sette i aa skrattele."Kva er det du lær aat 
spurde Stelen. "Ser du ikkje dei tvo draugane burte paa Gvste-sva, som held 
paa og slæst og ruast so falt?" Stelen saag ingenting han. 
Gamle-Stolen var eingong ute for noko behendaleg daa han skulde 
dra baaten sin inni naustet. Noko heldt baaten, og kor han so stakk og slo 
rundt ikring baaten so hjelpte det ikkje noko. Han greidde ikkje aa rikke 
baaten. Men so la han til og bante. Daa for noko undan baaten, det saag 
ut som ein kubb eller ei rot og det spraka eld avdet. 
Ein mann paa Beyadn laag og bala med dauden. Han gruva og bar se 
fælt, for han tykte djevelen vilde ta han. Han strita imot alt han orka. 
Paa resten vart det ein fal smell i veggen. "No slapp eg han, " kom det 
fraa mannen. Ei stund etter salast han 
Naratalnallttarer 
Dei heldt det for noko sorskild stygt aa flytta marsteinar. Eir 
slik mann daag dei ned paa alle. Dersom det ikkje vart opendaga, so laut 
han gaa att og bera paa steinen. 
Pramme med merke millom Skarestad og Skeide var det piskeri. 
Dei ssag stundom ein mann som var so undarleg kladd. Han stod med nevane 
paa ryggen og saag uppetter merkesgarden. Stundom saag dei ein mann son 
stod og grov nedi moldi etter marsteinen. 
Paa Hauga-myri saag dei stundom ein mann i knebuksa og raud 
roe. Han for og dragsa paa ein stein um nettene 
Pal Maalsnes var det ein som for og toksa og flytte paa ein 
marstein. Eingong ropte han so illherveleg : "Hjelp, hjelp!" Ein man 
som trefte til aa gaa etter vegen nett nedum,svara: "Du skal faa hjelp,ja. 
en daa han kom upp var daudingen burte.