Full text: Folkeminne samla i BALESTRAND prestegjeld i aari 1929-1930 1929/1930 Balestrand

2 
Dei vilde ha det til at gamle skrivar Brandrup paa Sande hadde flytt 
marstein. Han fekk ikkje fred etter han var død. Eingong raaka ein mann 
han daa han kom slitande med ein merkestein under armen. 
Utburd (Ubbur 
Übbur kalla dei slike born som var fodde i dulsmaal, drepne og ikkje 
gravne ned paa kyrkjegarden. Dei skreik og jamra for aa verta deypte. Foster 
som kom for tidleg, kalla dei og ubbur. Naar det var so lite at det ikkje 
hadde menneskeskap, so skreik det som ei skjor, men var det menneskeskap 
paa det, so skulde det graata som eit anna menneske. 
Naar nokon høyrde skrik utav ein ubbur, so skulde han deypa det med 
eit namn som inneheldt balde manns- og kvinnenamn : Hansina,Johanna eller 
liknande. Daa skulde det faa fred. 
Daa gamle Tjuga-kyrkja wrt rivi, fann dei mange smaa skrin og eskjor 
i kyrkjemuren og under golvet. Dei samla alt og grov det ned i ei grav (1863 
Det skulde vera ei gjenta paa Tuftadn som fodde i dulsmaal, drap 
barnet og grov det i Tufta-gropi. Dei høyrde ofte at det barma og bar seg 
nett som ein unge. Ein mann dei kalla Gamle -Tuften gjekk ned og deypte 
det Ola og sidan vart det fred. 
Nede i ei keila nede med Skeids-brui høyrde dei ofte eit barn som 
skreik so ilt. Det fortelst at ei gjenta drap barnet sitt her og hivde det 
nedi keila. 
Eg og ein annan kar kom eingong framum garden Haave. Det var ein 
speglande klaar kveld fyre jol. So tykte me at me høyrde eit barn som hiksta 
og gret. Me høyrde det so greit so dagen skin. Kameraten min tok til aa her 
ma etter barnet og til meir han herma, til nærare kom det. Han vart so vill 
at han sprang imot barnemælet, og daa bar det undan med det. Daa me kom inn 
paa tunet pa Haave, so hoyrde me ikkje meir.Mannen pa garden sa daaDe var 
nokre toskar.De skulde ha doypt det anten Johinna eller Jo.