Full text: Folkeminne samla i BALESTRAND prestegjeld i aari 1929-1930 1929/1930 Balestrand

224 
Framsyn, feigdabod, framferd, likferd. 
Dei skulde ta var (augnavar) or augo pai dykene (sume segjer paa ein 
grahest) og smyrja paa augo aat born, daa skulde dei sjaa overnaturlege 
ting i myrkret. 
Naar nokon kom inn i fjosen, so kunde det henda at kyrne belja so 
falt fyreaat. Daa sa folk: "Du maa ha eit rovdyr til vardoger. 
Naar nokon i huset var vekke og dei venta han att, so hende det ofte 
at dei heyrde "forynje" (fyreferd) Var det lenge fyrr han kom etter at dei 
hadde høyrt "forynja", so skulde han leva lenge, men kom han straks etter 
so skulde han vera feig 
Naaljos. (naoaljos) Dei snakte so mykje um naaljos fyrr i tidi. 
Det kunde visa seg utanfor veggen, so heile veggen vart upplyst den natti 
han (ho) doydde. Daa trudde dei at han for vel 
Dei kunde og sjaa at naaljoset kom nedover den som var feig nett 
som ein traad. 
Stundom kunde dei sjaa det trilla som eit ljost nysta ned fraa døds 
huset 
I Vetlefjor den trudde dei at det skulde drjupa paa den som var feig 
nett som fraa eit ljos. Borni hans Ola kæl sa eingong: Da drype pao deg,far 
da drype pao deg." "Kaa da de saie, smao bodn," sa mori. Ho gamle Hans 
Anna sa daa: " det er naaljos dette." Dei prevde aa sopa vekk dropane, men 
dei viste paa kladi, dei fekk dei ikkje av. Um vairen keyrde han Ola kael 
seg utfyre ei bru og deydde. 
Ho gamle Anna fortel at feigdaljos eller naaljos var ein blaa liten 
loge som for og vingla over den som var feig. Ho Anna saag det daa ho var 
ei styva. Dei hadde nett ete til kvelds, og so kom det sigande ned og for 
og vingla rundt bordet, og det stogga lengst hjaa han farbror. Han var der 
fyrste som for. Me saag det alle som sat ved bordet, fortel ho