Full text: Folkeminne samla i BALESTRAND prestegjeld i aari 1929-1930 1929/1930 Balestrand

Mara, mara minne 
er du herinne, maa du herut. 
Dersom odden paa kniven daa snudde mot deri, so var ho fari 
Ho Ysteidn-Anna saag mara. Ho kom idande ned igjenom lufti 
nett som ei mannæta, trillande rund som ein kvernestein. Ho var lodi, og 
og Anna kjende korleis ho la deg ned paa bringa hennar og tyngde. 
Dei skulde setja skorne andfettes framfor sengi dersom dei vart ridne av ma 
ra.Ho saag ut som eit ulla-reyve.( 
Dragelolka. 
Ei dragedokka maatte lagast av blod av mange slags levande. 
Ho laut liggja i silke. Ho laut verta verande paa same staden, kunde 
ikkje flyttast. Eingong skulde ei dragedokka ut paatur, og so spurde 
ho eigaren kvar ho skulde av. Det trefte seg soleis at det stod nokre 
karar nar og daa vilde ikkje mannen segja kvar ho skulde av, men svara 
paa maafaa: " Dra lort no! " og ho til aa dra, so dei raint vilde forgaa 
av lort. Korleis dei stelte seg med henne so vart det berre lort ho drog 
Naar folk drukna med pengar paa seg, so kom dragedokka med dei 
pengane. Ein mann paa Vangsnes hadde dragedokka. Eingong kom det eit 
dyr som likna ei rotte, med ein tidalar-setel i kjeften og flidde han. 
Rikdomen vart oftast ryr hjaa slike.