Full text: Folkeminne samla i BALESTRAND prestegjeld i aari 1929-1930 1929/1930 Balestrand

4 
ein strjuka med hemne over vortone og deretter leggja henne unde 
kyrkjehella ,so ho vart liggjande der og rotna. Naar toka var roti ,var 
vortone vekke. 
Dei skulde ta ein svart traad og knyta so mange knutar paa han som 
dei hadde vortor. So grov dei traaden ned under ein jordfast stein. Naar 
traaden var rotna ,var vortone vekke. 
I ei jordeferd skulde ein gaa etter likfylgjet og strjuka seg paa 
vortone og segja: "Tå meg og paa deg 
Daudingakyss 
kalla dei det naar ein fekk saar kring munnen. Det skulde vera god hjel 
i aa heta ei mjolausa brennande heit, so heit som ein kunde tola det, 
og strjuka yver saaret med henne. 
Helveteseld. 
Han Ola V. hadde slik klaae paa halden og ryggen og visste ikkje 
aa verta kvitt det. So reiste han til ei lækjarkona paa Syrstrand, og ho 
gjorde han god att. Ho brukte kol av 9 sortar ved, noko smor, og dessutan 
fleire urter, som ho ikkje vilde segja namn paa. Av dette laga ho ein 
smurning som gjorde han god att. 
Nikonemat 
Naar nokon hadde mist mathugen sin brukte dei aa segja. 
Berre me hadde havt nikonemat so skulde det ha hjelpt. Det var mat 
fraa nie konor eller heimar blanda saman. Serleg skulde det vera godt 
for born som var matleide. Dei tala og um nikonegraut. Det var graut 
laga av mjol fraa 9 ulike heimar 
Mingorn. 
Mot ringorm brukte dei pipolje. Sume brukte og herdslevatn. 
Naar askeveden brenn, kjem det ei væta or veden, som dei kallar aske-smitl 
Denne væta skulde dei renna igjenom ei borsepipa, og daa skulde ho vera 
god for ringorm. Dei smurde det og paa beinbrot.