Det lever enno ein mann paa Leikanger som skal greida aa stemma blod.
Men det er ikkje raad aa faa dei two lestrane utav han som han brukar.
Men han fortel aatferdi elles soleis: Naar ein har hogge seg so blodet
ræser, so skal du fyrst skoda paa saaret og so lesa ei liti bøn. So leg.
du høgre sleikjepotten paa tungetippen, so raaken paa tungespissen kjem
paa fingeren. So legg du fingeren midt i skurden og ser nogje paa saaret
og daa les du den andre bøni. Dermed stoggar blodet.
Ben for verk.
Jesus satte sig i kirkedoren ned, da dovde han baade verk og
ve. Jesus sovna, verken dovna, i 3 navn, Gud fader, Guds son og Gud der
Helligaand.
Nannverk.
Ein skulde ta ei naal og prokka i den sjuke tonni, og so
skulde ein spikra henne i eit tre og segja denne boni:
Job stod i kyrkjedori
sleit og vreid sine hender,
So segjer den Herre Jesus Krist: "Du ska'kje staa der til
verdsens ende." "Eg maa vri mine hender, eg har makk og blod
i mine tenner"
Naar de i hadde tannverk ,skulde dei riva upp ei klunger-rot. Ein skulde
gjera det usedd og med vottar paa hendene. Dei riste moldi av, og so
kokte dei roti, og let vatnet kolna og skirna og so skolte dei munnen mec
det. Det hjelpte mot verken.
Ein skal ta eit stort blad, laga ein pose av det, setja det
paa ein gullande rein kvit tallerk. Ein lagar dessutan ferdig ein bomulls
dott,vavar den ikring ei haarnaal eller spota. So brenner ein bladet paa
tallerken, blæs vekk fjukret, og daa ligg der att ei gul væska paa tallerk
en. So stikk ein bomullsdotten nedi væska og læt han suga henne til seg