St. vsk. 1931
Hordaland, Fana, g.nr. 102,3
Hollendervikje. Namnet kjem av at det i det 18de århundra kom et hollands
krigsskip fra havet og inn Fanfjorden og la seg på denne viki. Dei var
jaga av ein stor engelsk man-of-war, og han kom ei stund etter inn fra ha
vet. Men da engelskmannen kom inn på Krossfjorden, kunde dei ikkje sji
hollendaren att, og so siglde dei Lerøyosen nord og ankra på Fæsland.
Nokre av mannskapet gjekk da i land og upp Lilands-haugen for å sja etter
hollendaren. Dei kunde da sja dei høge mastrane til hollendaren, og søgt
for dei umbord for å melda det dei hadde set. Engelskmannen letta anker
og sette på sør det fortaste dei kunde. Men hollendaren hadde og sine for
postar ute, og da dei skyna at det var upplaga, for dei soggast rad va
ut Fanafjorden og kom seg til havs fyre engelskmannen kom sør Lerøyosen