Full text: Truer og skikkar, Aardal. I Årdal

ølet, elles tok ølbidni til aa lèka. 
Jole tider 
Fyrr i tidi var joleskikkane andreleis 
enn no. Og so var det mange fleire 
skikkar daa, og truer med. No veit 
me 'kje um noko slikt. Joli er mest 
som ei onnor helg i aaret. Nei, fyrr 
daa gledde folk seg til joli, baade 
stort og smaatt, baade kall og kjerring, 
gut og gjenta. Det var høgtid naar 
baatane stemnde mot kyrkja paa 
Tangelandet. Det var som det bruste 
med offerdøler, vikadøler, seimsdøler, 
nundøler, og so vassbyggjene. Vikadølene 
var no basen. Det kom so krykkjande 
fullt med baatar, ein kunde ikkje 
vita kvar det kom fraa alt. 
Kyrkja var pakkande full joledagen, 
eller aller helst nyaarsdag.