Elles var det liksom endaa eldre skikk
aa vera mannjamnt til kyrkja nyaars
dagane, og so andre-dagane, - den tid
Aardal og Lærdal høyrde ihop.
So var det alltid kapproing heim att.
Det var aa hiva trøya i sprettande
kulde og bjoda til kappro. Same
visi fylgde med naar det var likferder.
Gjentane tinga seg ofte joleskjuss
til kyrkja lenge i fyrevegen. Dei
baka gjerne 1 og 2 dagar for aa
faa kyrkjeskjuss joledagsne.
Øl og brennevin maatte det vera
nok av til jolane. Det var mest
um aa gjera aa faa nok brennevin.
Naar brennevinet skulde skiftast, var
det eit heilt stuk. Dei møtte fram.
gjerne i eit naust med "butedlen"