og so let dei 'na aldri att etter
seg.
Joleskreidi kom jolafta og reiste
att i trettandhelgi. I den tidi vara
dei vel ungane, so der ikkje var
aaleine korkje ute eller inne.
Joleskreidi eller huldrene kunde
byta dei til seg.
Hadde nokon smaae voggeborn i
joli, la dei alltid staal i vogga.
Det gjorde dei alltid elles og naar
born var fødde. Det maatte ingen
gløyma, elles kunde trollskapen faa
makt med dei. Sume la er salme
bok under kodden i vogga aat
smaaborni.
E' meine dæ var bra nøie mæ
dæ, du. E' hugsa godt 'o bestemor,