Sogn og Fjordane, Lavik, g.nr. 30,1 Stn. v/skb. 1932
Fuglefjellet. I gamle dagar måtte mannen som budde på Råsberg
bera ein kornstaur upp på Fuglefjellet kvar haust; for der skulde
grâgjæsene kvila når dei flaug sørover um haustane, og så skulde
dei ha kornet til å eta av. Ein gong mannen kom upp med korn, vilde
han fanga ei gâs, men dà flaug dei på han alle saman, so han hadde
nær vorte drepen. So det torde han aldri vâga meir.